Lån av spesialvogn
Du kan få låne spesialvogn til barn med hofteliding frå NAV hjelpemiddelsentral eller hjelpemiddellager. Helfo kan gi godkjenning til eit slikt utlån.
- Send søknad digitalt til Helfo
- Utlevering av vogn
- Sakshandsamingstid for spesialvogn
Dersom du har barn med medfødd hoftefeil (hofteluksasjon eller hoftedysplasi) som blir behandla med gips eller Freijkas pute, kan Helfo gi godkjenning til utlån av spesialvogn.
Små barn med erverva (ikkje-medfødde) hoftelidingar som blir behandla på same måte i ein kortare periode, kan òg få godkjent utlån.
Send søknad digitalt til Helfo
Du kan søkje om å få låne spesialvogn ved å bruke digitalt skjema. Legg ved ei legeerklæring som beskriv situasjonen til barnet
Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet, kan du i staden fylle ut og sende inn legeerklæringa som beskriv situasjonen til barnet, til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.
Utlevering av vogn
Når søknaden er handsama, får du eit vedtak frå Helfo i posten. Helfo sender ein kopi av vedtaket til NAV hjelpemiddelsentral i det fylket barnet er busett i.
Når du har teke imot vedtaket, tek du det med deg til NAV hjelpemiddelsentral i det fylket barnet er busett i, så får du utlevert vogna.
Spesialvogna må leverast tilbake til hjelpemiddelsentralen når du er ferdig med henne.
Sakshandsamingstid for spesialvogn
Sakshandsamingstida er inntil éi veke.