Samarbeidspartnarar
Informasjonen på helsenorge.no er levert av ulike organisasjonar i helsesektoren. Kvar enkelt leverandør av innhald er ansvarleg for at informasjonen er oppdatert, kunnskapsbasert og har høg fagleg kvalitet.
Informasjonen på helsenorge.no er levert av ulike organisasjonar i helsesektoren. Kvar enkelt leverandør av innhald er ansvarleg for at informasjonen er oppdatert, kunnskapsbasert og har høg fagleg kvalitet.
Akershus universitetssykehus (Ahus) er et lokal- og områdesykehus for cirka 560 000 innbyggere. Hovedoppgavene er pasientbehandling, forskning, undervisning og pasientopplæring.
Apotekforeininga er bransjeorganisasjonen for apoteka i Noreg og eigarane deira. Alle apotek, både privateigde og dei offentleg eigde sjukehusapoteka, er medlemmer av Apotekforeininga.
BarnsBeste - Nasjonalt kompetansenettverk for barn som pårørande (sshf.no) er eit nasjonalt kompetansenettverk for innsamling, systematisering og formidling av kunnskap om barn som har foreldre med somatiske, psykiske og/eller rusrelaterte lidingar. Senteret arbeider for at barna og familiane deira får oppfølginga dei har behov for. Helse Sør-Øst eig nettverket, og Sørlandet sjukehus har ansvar for drifta.
Direktoratet for e-helse (ehelse.no) er eit fag- og forvaltingsorgan underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Direktoratet for e-helse har ansvar for nasjonal styring og koordinering i samarbeid med helseføretak, kommunar, fagmiljø og interesseorganisasjonar.
Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA), tidlegare Statens strålevern, utfører oppgåver på vegne av Helse- og omsorgsdepartementet, Utenriksdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Det er og myndighet og kompetanseorgan for atomsikkerheit, all bruk av stråling, for naturleg stråling og for radioaktiv forurensing i miljøet.
Fleirregional behandlingsteneste for usikker somatisk kjønnsutvikling (oslo-universitetssykehus.no). Tenesta omfattar diagnostikk og behandling der det ved fødsel er vanskeleg å fastslå barnet sitt kjønn, eller der det seinare kjem fram teikn på at kjønnsdifferensieringa er feil.
For å sikre god kvalitet og einsarta behandlingstilbod, er tenesta sentralisert til ei fleirregional behandlingsteneste lokalisert ved Oslo universitetssjukehus og Haukeland universitetssjukehus.
Folkehelseinstituttet (FHI) er eit norsk statleg forvaltingsorgan underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. FHI er ein nasjonal kompetanseinstitusjon innan folkehelse i vid forstand og gir råd til styresmakter, helsetenester, politikarar, media og publikum. FHI har hovudkontor i Oslo. Instituttet sine viktigaste verkeområde er helseovervaking, forsking og førebygging.
Giftinformasjonen (fhi.no) er det nasjonale rådgivings- og kompetanseorganet for akutte forgiftingar og forgiftingsfare. Giftinformasjonen er i beredskap heile døgnet, alle dagar i året. Du når oss på 22 59 13 00.
Haraldsplass Diakonale Sykehus er eit av tre store private ikkje-kommersielle sjukehus i Noreg. Sjukehuset er ein viktig del av det offentlege helsetilbodet gjennom driftsavtale med Helse Vest RHF. Sjukehuset tilbyr spesialisthelsetenester innan indremedisin, kirurgi, ortopedi og radiologi med tilhøyrande poliklinisk aktivitet.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har om lag 11.000 tilsette som kvar dag har som mål å gje best muleg behandling og pleie til pasientane. Kvart år behandlar Helse Bergen nesten 600.000 pasientar og utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og Helse Bergen er Noregs nest største medisinske forskingsmiljø. Sykehuset har dessutan ei rekkje kompetansesenter og spesialfunksjonar både på nasjonalt og regionalt plan.
Helfos samfunnsoppdrag er å ta vare på rettane til helseaktørar og privatpersonar og gi informasjon og rettleiing om helsetenester.
Helfo er Helsedirektoratets ytre etat. Helfo har ansvar for refusjon av privatpersonar sine utgifter til blant anna legemiddel, tannhelse og helsetenester i utlandet. I tillegg har Helfo ansvar for sjølvbeteningsløysingane som hjelper personar med å finne og byte fastlege, kontrollere status for frikort og eigendelar og bestille Europeisk helsetrygdkort. Helfo har også ansvar for rettleiingstenesta for helsenorge.no, med telefonnummer 23 32 70 00, og for oppgjer frå folketrygda til behandlarar, leverandørar og andre helseaktørar.
Helse Møre og Romsdal HF dekkjer primært etterspurnaden etter spesialisthelsetenester for dei om lag 255.000 innbyggjarane i dei 36 kommunane i fylket. Verksemda er fordelt mellom Ålesund sjukehus, Volda sjukehus, Molde sjukehus, Kristiansund sjukehus og fleire mindre institusjonar. Helseføretaket yter tenester både innan psykiatri og somatikk.
Helse Nord RHF skal sørga for at befolkninga i Nord-Noreg og på Svalbard får dei beste spesialisthelsetenestene i landsdelen der dei bur.
Helse Nords hovudoppgåver er å tilby den nordnorske befolkninga gode tenester innan behandling, forsking, utdanning av helsepersonell og kurs og opplæring for pasientar og pårørande.
Helse nord RHF eig seks helseføretak, og fire er sjukehus som tilbyr pasientbehandling: Finnmarkssykehuset, Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN), Nordlandssykehuset, Helgelandssykehuset, Sykehusapotek Nord og Helse Nord IKT. Til saman jobbar det totalt over 18 000 tilsette i føretaksgruppa.
Helse Nord-Trøndelag HF har ansvar for at 140 000 innbyggarar i regionen får tilbod om spesialisthelsetenester av høg kvalitet når det gjeld fysiske sjukdomar (somatikk) og psykiatrisk helsevern. Sjukehuset Levanger, Sjukehuset Namsos, DPS Stjørdal og DPS Kolvereid er einingar i Helse Nord-Trøndelag, som i tillegg driftar AMK-sentralen og ambulansetenesta.
Stavanger universitetssjukehus – Helse Stavanger HF gir tilbod til 369 000 menneske i Sør-Rogaland, frå Hjelmeland i nord til Sokndal i sør. Stavanger universitetssjukehus er eigd av det regionale helseføretaket Helse Vest.
Helse Sør-Øst RHF er det største av fire regionale helseføretak i Noreg og er den strategiske eininga som eig helseføretaka og sjukehusa i regionen. Helse Sør-Øst RHF eig 11 helseføretak og samarbeider tett med private sjukehus og institusjonar.
Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke og sørgjer for at kring 1,1 million innbyggjarar i regionen får dei spesialisthelsetenestene dei har krav på.
Verksemda omfattar spesialiserte helsetenester innanfor fysisk helse, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Hovudoppgåver er å sørgje for pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking.
Helsebiblioteket.no er ein offentleg finansiert nettstad som gir helsepersonell og studentar innan medisin og helsefag gratis tilgang til sentrale kunnskapskjelder. Det meste av innhaldet er fritt tilgjengeleg for alle innbyggarar i Noreg, medan noko av innhaldet berre kan brukast av helsepersonell og tilsette i helsetenestene, og studentar innan medisin og helsefag.
BMJ Best Practice (helsebiblioteket.no) er eit internasjonalt oppslagsverk som gir rask informasjon om diagnosar, behandling og prognosar. Brukarar med norsk IP-adresse får gratis tilgang til BMJ Best Practice gjennom helsebiblioteket.no.
Farmasøytisk institutt ved Universtitetet i Oslo (UiO) er Noregs største forskings- og utdanningsinstitusjon innan farmasi. Forskingsgruppa «Pharmacoepidemiology and Drug Safety» (PharmaSafe) er ei av fleire forskingsgrupper ved Farmasøytisk institutt, UiO. Forskinga deira omfattar bruk og tryggleik av legemiddel på pasient- og samfunnsnivå. Dei er ansvarlege for Foreldrebrosjyrane i «Gode Råd»-serien.
Kreftforeininga er ein landsdekkande organisasjon som arbeider med forsking, omsorg, førebygging og informasjon. Kreftforeininga sitt arbeid er basert på innsamla middel, gåver og tippemiddel.
Statens legemiddelverk skal sikre at alle legemiddel som blir brukte i Noreg, har god kvalitet, er trygge å bruke og har den ønskte verknaden. Legemiddelverket er ein etat under Helse- og omsorgsdepartementet.
Midtnorsk senter for sepsisforsking (sepsis.no) har som mål å redusere førekomst og død på grunn av sepsis og samarbeider tett med NTNU, St. Olavs hospital, Helse Nord-Trøndelag, SINTEF og verdsleiande ekspertar ved Yale University i USA. Gjennom samarbeidet med SINTEF har MNSS fått Geminisenter-status. MNSS driv også utdanning og opplæring innanfor sepsis.
Nasjonal kompetanseteneste for døvblinde (dovblindhet.no) er ein del av spesialisthelsetenesta i Noreg. Tenesta er samansett av fire senter med regionale oppgåver, to senter med landsdekkande oppgåver, og ei koordinerande eining. Alle einingane er knytte til Helse Nord RHF.
Nasjonal kompetanseteneste for funksjonelle mage-tarmsjukdomar (helse-bergen.no) er eit landsdekkande tilbod for helsepersonell og andre med behov for informasjon om funksjonelle mage-tarmsjukdomar. NKFM er ikkje ei behandlingsteneste, men formidlar fagutvikling, forsking og undervising og er ein del av Medisinsk avdeling, Haukeland universitetssjukehus. Visjonen til kompetansetenesta er å sikre at pasientar med funksjonelle mage-tarmsjukdomar får best mogleg behandling og omsorg.
NK LMH (mestring.no) arbeider med forsking, utvikling og formidling knytt til læring og meistring ved helseutfordringar og kompetanseheving innan helsepedagogikk. NK LMH er eigd av Helse Sør-Øst RHF og er lokalisert ved Oslo universitetssjukehus HF, Aker.
Nasjonal kompetanseteneste for prehospital akuttmedisin (NAKOS) (oslo-universitetssykehus.no) vart etablert i 2003 av Helse- og omsorgsdepartementet. Tenesta er administrativt underlagt Prehospital klinikk, Oslo universitetssjukehus HF. NAKOS arbeider med undervising, forsking og kvalitetsprosedyrar innan området akuttmedisin utanfor sjukehus.
Nasjonal kompetanseteneste for sjeldne diagnosar er ei nasjonal teneste som samordnar alle kompetansesenter for sjeldne diagnosar i Noreg. Tenesta er samansett av ei felles eining som ligg i Barne- og ungdomsklinikken ved Oslo universitetssjukehus, og ei rekke ulike kompetansesenter. Fleire hundre sjeldne diagnosegrupper har eitt kompetansesenter dei kan ta kontakt med.
NKSR (stolav.no) skal ha og formidle oppdatert kompetanse om tida før, under og etter svangerskap tilknytt alle revmatiske sjukdomar. Både pasientar og helsepersonell kan ta kontakt med NKSR på telefon for rettleiing.
Nasjonal kompetanseteneste for søvnsjukdomar (helse-bergen.no) ligg under Helse Bergen, og driv med formidling, forsking og fagutvikling innan søvn, i tillegg til at dei underviser om fagfeltet i grunn-, etter- og vidareutdanningane.
Nasjonal kompetansetjeneste TSB bidreg til å implementera kunnskapsbasert behandling av rusproblemar i spesialisthelsetenesten. TSB tilbyr rettleiing, undervising og stør faglege forum for utveksling av kunnskap.
Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten, også kjent som Helseklage, er en statlig etat underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Helseklage behandler klager på vedtak fra tolv offentlige instanser:
Helseklage er også sekretariat for Apotekklagenemnda, Klagenemnda for behandling i utlandet, Pasientskadenemnda og Statens helsepersonellnemnd.
Nasjonalt kompetansenettverk innen persontilpasset medisin (NorPreM) vart etablert i 2019 på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD). Nettverket er ein arena for informasjonsutveksling, erfaringsoverføring og kunnskapsdeling innanfor relevante fagområde av persontilpasset medisin.
Nasjonalt kompetansenettverk for legemidler til barn arbeider for at legemiddelbehandling til barn skal være hensiktsmessig og trygg, og i størst mulig grad basert på dokumentert kunnskap.
Nettverket arbeider for at alle parter som er involvert i legemiddelbehandling til barn skal ha, eller ha tilgang til, nødvendig og relevant kunnskap og at de kan handle og samhandle på en hensiktsmessig, korrekt og trygg måte.
Nettverket består av leger, sykepleiere og farmasøyter, som arbeider for at legemidler til barn er en prioritert oppgave blant produsenter, apotek og helsepersonell.
NevSom (oslo-universitssykehus.no) har kompetansesenteransvar for nevroutviklingsforstyrringane autismespekterdiagnosar (ASD) og Tourettes syndrom. Hypersomniar er idiopatisk hypersomni, Kleine-Levin-syndrom og narkolepsi. NevSom arbeider med fagutvikling, forsking, formidling, bistand og rådgiving. Målsetjinga er å hjelpe til med individuelt tilrettelagde og likeverdige tenester for brukarar i alle aldrar, over heile landet.
Nasjonalt kompetansesenter for vestibulære sjukdomar (helse-bergen.no) ligg under Helse Bergen, og har som oppgåve å bidra til og drive forsking og fagutvikling innan sjukdomar i balanseorganet i det indre øyret og dette organet sitt samband til/i hjernen.
Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress utvikler og sprer kunnskap og kompetanse om vold og traumatisk stress. Formålet er å bidra til å forebygge og redusere de helsemessige og sosiale konsekvensene som vold og traumatisk stress kan medføre.
NSSF er Norges ledende senter innen selvmordsforskning og -forebygging.
NSSFs formål er å utvikle, vedlikeholde og spre kunnskap for å redusere antall selvmord, selvmordsforsøk og selvskading i Norge, og bidra til bedre livskvalitet og omsorg for alle som blir berørt av selvmordsatferd og selvskading.
Norsk helsenett (nhn.no) er eit statleg føretak, som ligg under Helse- og omsorgsdepartementet. Oppgåva er å utvikle, forvalte og drifte nasjonale e-helseløysingar og infrastruktur.
Norsk pasientskadeerstatning (NPE) er en statlig etat underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. NPE behandler erstatningskrav fra pasienter som mener de har fått en skade etter behandlingssvikt i helsetjenesten. Saksbehandlingen er gratis.
Oslo universitetssjukehus er lokalsjukehus for delar av Oslos befolkning, akuttsjukehus for store delar av Oslo-området, regionsjukehus for innbyggarar i Helse Sør-Øst i tillegg til at dei har ei rekke nasjonale oppgåver.
Pasientreiser HF (pasientreiser.no) er eit nasjonalt helseføretak, som saman med 17 andre helseføretak skal sjå til at befolkninga møter gode og likeverdige tenester på pasientreiseområdet.
Regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet (RAAO) er ein regional kompetanseteneste og eit regionalt behandlingssenter innanfor fagområdet astma, allergi og overfølsomhet.
Pasientar med astma, allergi eller overfølsomhet kan ofte ha komplekse sjukdomsbilde og krevja utgreiing som involverer fleire fagområde. Tverrfagleg utveksling av kunnskap og kompetanse skal bidra til å sikra ei heilskaplig utgreiing og behandling av pasienter som har behov for dette.
Samferdselsdepartementet har det overordna ansvaret for rammevilkår for postverksemda, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltinga og hamne- og sjøtransportpolitikken.
Samvalgssenteret (unn.no) er en del av Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN). De utvikler og publiserer samvalgsverktøy, tilbyr opplæring i samvalg for pasienter og helsepersonell, og jobber med implementering av samvalg.
Senter for idrettsskadeforsking har som mål å førebygge skadar og andre helseproblem i idrett, gjennom eit langsiktig forskingsprogram med fokus på risikofaktorar, skademekanismar og skadeførebyggande tiltak.
St. Olavs hospital er universitetssjukehus for Midt-Noreg, og lokalsjukehus for befolkninga i fylket som er 275 000 menneske. Verksemda omfattar spesialisthelsetenester innan somatikk og psykisk helsevern, og er lokalisert på fleire stadar i Sør-Trøndelag fylke.
Statens helsetilsyn er overordna tilsynsmyndigheit for sosiale tenester i Nav, barnevern-, helse- og omsorgstenester i Noreg, underlagt Helse- og omsorgsdepartementet.
Statsforvalteren, tidligere kalt Fylkesmannen, er staten sin representant i fylket og har ansvar for å følge opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Statsforvalteren er dessutan eit viktig bindeledd mellom kommunane og sentrale styremakter.
Stavanger universitetssjukehus – Helse Stavanger HF gir tilbod til 369 000 menneske i Sør-Rogaland, frå Hjelmeland i nord til Sokndal i sør. Stavanger universitetssjukehus er eigd av det regionale helseføretaket Helse Vest.
Sørlandet sykehus tilbyr spesialisthelsetjenester innen somatikk, psykiatri og avhengighetsbehandling. Våre fire hovedoppgaver er pasientbehandling, opplæring av pasienter og pårørende, forskning og utdanning av helsepersonell.
Tinnitusklinikken (sshf.no) behandlar øyresus, og er tilknytt høyrselssentralen ved øyre-, nase- og halsavdelinga på Sørlandet sjukehus HF.
TRS kompetansesenter for sjeldne diagnosar (TRS) jobbar tverrfagleg og med alle aldersgrupper. Kompetansesenteret samlar, utviklar og spreier kunnskap.
Målgruppene er dei som har ein av diagnosane, pårørande, helsepersonell og andre aktuelle fagpersoner.
TRS er ein del av Nasjonal kompetanseteneste for sjeldne diagnosar og høyrer heime på Sunnaas sjukehus på Nesodden utanfor Oslo.
Universitetsjukehuset Nord-Norge er eit desentralisert helseføretak med somatiske sjukehus i Tromsø, Harstad, Narvik og Longyearbyen. Helseføretaket har også psykiatriske klinikkar i Tromsø med integrert rusbehandling og fleire distriktspsykiatriske senter i Ofoten, Sør-Troms, Midt-Troms og Tromsø og områda ikring.
Vestre Viken er ett av de største helseforetakene i Norge. I 2021 leverer Vestre Viken spesialisthelsetjenester til over 501 000 mennesker i 22 kommuner.
v
Vulvaforum er eit tverrfagleg forum for helsepersonell frå ulike fagområde som engasjerer seg i vulvalidingar.